CASCO SPORTSBRILLE
OPTIMALT VERN
CASCO sportsbriller vert konstruerte og produserte i
samsvar med høgaste standardar. Dei gjer vern mot kulde,
snø, vind, støv og skadelege ultrafiolette stråler, og dei
gjer eit rimeleg vern mot svak mekanisk energi (slag) frå
utsida.
1
Bruk av sportsbrilla
Brilla ligg inntil huda i heile panneområdet og vert halden
på plass med eit regulerbart hovudband. Underlagsflata er
laga av sugande skumgummi, noko som gjer det behage-
leg å bruke brilla. Brilleglaset vert halde på plass ved hjelp
av ein separat del som er plassert svingbart på hovud-
delen. Avstanden mellom brilleglaset og andletsfeltet gjer
høve til god ventilasjon av det innvendige rommet i brilla,
noko som gjer at brilla sine anti-dogg-eigenskapar vert
optimaliserte! Ved hjelp av dei ledda som er installert på
sidene, kan brilleglaset svingast opp som eit visir. Denne
brilla er ei ekte funksjonsbrikke, og ho utmerkar seg med
gripbare fordelar også ved normal bruk:
Brilla vert nytt under:
langrenn
skiskyting
Nordic Walking
alle dynamiske idrettsgreiner
Brilla må IKKJE takast i bruk i vegtrafikken eller for direkte
observasjon av sola!
Sportsbrilla er laga av materialar som er eigna for tem-
peraturar ned til -20° C. Det dreier seg her om materialar
som ein veit at ikkje forårsakar irritasjon på hud eller andre
helsemessige skader når dei vert brukte av brukarar med
ein normal helsetilstand.
Etter eit fall eller eit slag mot brilla, eller etter at brilla har
vore lagra i lang tid, må brilla kontrollerast for skader på
brilleglaset, brillelekamen og haldebandet.